OpplevStord.no
Her kjem ein nettstad som skal informera om, og inspirera til å oppleva Stord. Vil du vera med og setta ditt preg på sida?
Framsnakk Stord
Tanken min er at OpplevStord.no skal bli den ultimate guiden til øya Stord.
Her skal ein finna informasjon om alt det flotte ein kan sjå og oppleva.
Stord har mykje som er sjåverdig og kan by på av aktivitetar, turmål, møteplassar, kultur og serveringsstadar av fyrste klasse.
Eg vil og at sida skal innehalde nyttig informasjon om lokalt næringsliv og historia til øya vår.
Men skal eg nå målet treng jeg hjelp av deg.
Her kan du senda inn ditt tips:
Kven står bak OpplevStord.no?
Det er Kjetil Fyllingen som har tatt initiativ til OpplevStord.no.
Idéen kom etter ei sak i Stord24.
Dei som driv Hotell på Stord seier at dei nesten aldri møter hotellgjester som kjem til Stord fordi dei vil sjå Stord.
Dette vonar eg at me kan endra på!
Sjåverdig
Har du besøkt Gruvene på Litlabø?
Der er det flott! Absolutt ein sjåverdig stad på Stord. Men kva andre sjåverdige stadar har me å by på?
Ut på tur
Stord har mange flotte stadar ein kan gå på tur.
Du kan gå en tur på stien, eller ta sherpatrappene opp til Kattnakken.
Kor er din favorittplass på Stord?
Bli ein støttespelar
Du kan profilere di bedrift på OpplevStord.no
Ta kontakt for meir informasjon om korleis du blir ein støttespelar!
Takk til våre støttespelarar
Ta gjerne kontakt
Vil du sende inn bilete eller andre vedlegg?
Då er det best å senda ein e-post til post@opplevstord.no